Beredskapsnytt

Nyheiter i media:
Eit utval nyheiter knytta til nødmeldetenesta

Mot lysere tider 2014
5.-6. mars inviterte Helsedirektoratet og Helse Midt-Norge RHF til konferansen "Mot lysere tider 2014", i Trondheim. Hovudtema dag II, var: Styring og kvalitetsforbetring i prehospitale tenester.
Ein av føredragshaldarane om temaet "avvikshendingar" var Lise-Mette Lindland, avdelingssjef ved AMK Vestre Viken (bildet).
I innlegget sitt kom ho mellom anna inn på at dei i sentralen skil mellom systemfeil og personlege feil. Kvar åttande veke spelar dei av ein lydlogg i plenum. Føremålet er å lære av feil.
- For å få balanse spelar vi også av lydloggar der dei tilsette har gjort ein svært god jobb - til etterfølging, fortalde ho.

Også Rune Gehrken, avdelingsleiar ved AMK Oslo og Akershus og Håkon Haaheim, seniorrådgjevar i Norsk pasientregister heldt særs interessante innlegg om nye prosjekt og om verksamheitsdata. Foilane frå samtlege føredrag vil om litt kunne lesast på Helsedirektoratet sine heimesider.
(KoKom, 10.03.14)

Lenker til ulike nettstader med 
nyheiter frå nødmeldetenesta

Helikopterulykken
Som alle andre er vi i KoKom  preget av ulykken der to medarbeidere i luftambulansen omkom, og en fremdeles ligger skadet på sykehus.  Anestesilege Anders R. Nakstad som var ombord på det forulykkede helikopteret var en samarbeidspartner for KoKom blant annet i utarbeidelse av nasjonal veileder for helsetjenestens organisering på skadested. Det er rart hvordan noen mennesker rører deg, og setter spor etter seg selv etter kort tids kjennskap. Anders var slik. Våre tanker går til de nærmeste pårørende.

På vegne av medarbeidere v/ KoKom,
Alexandra Reksten
(KoKom, 15.01.14)


Eintydige retningslinjer for handtering av innsynskrav i lydlogg

På tampen av desember 2013, etterspurde KoKom om Helsedirektoratet kan tilrå ein omforeint og einheitleg praksis når det gjeld utlevering av lydlogg.

Bakgrunnen er tre større hendingar i Helse Vest, som fekk stor merksemd i media hausten 2013, der medie-aktørar ønskte innsyn i lydloggane. 

Les brevet som PDF PDF

Pensjonist
Egil Bovim, fagleg leiar ved KoKom, vart pensjonist 01.01.2014. Vi ønskjer han lukke til med sitt nye tilvere.
(KoKom, 02.01.2014)




Endringsmelding på KoKom-kalenderen for 2014

I forrige veke sende KoKom ut kalendrar for 2014. I ettertid er vi blitt gjort merksame på at kalenderen viser feil datering for januar månad.
Trykkeriet seier seg leie for dette og har laga ein klistrelapp, som kan limast på i etterkant.

Vi håper feildateringa ikkje har ført til ulemper for mottakarane.

PS: Klistrelappane er ettersend til samtlege kalendermottakarar.
(KoKom, 19.12.13)

AMK Innlandet får nye telefonnummer
AMK Innlandet går over til nødnett den 27/11-13 kl 10:00.
I samband med omlegginga har alle AMK-sentralar i landet fått informasjon om nummerendringane.
Spørsmål? Kontakt AMK Innlandet på tlf.
61 14 85 16
  (dette nummeret vil kunne brukast enno ei tid framover). F.o.m. 27.11-13 kan også det nye nummeret nyttast:  Nytt nummer for generelle og administrative samtalar er: 61 13 99 30 (KoKom, 26.11.13)

Sjå også
Sykehuset Innlandet tar i bruk Nødnett Helsedirektoratet (28.11.13)

Onsdag 27. november vart nødnett offisielt tatt i bruk ved Sykehuset Innlandet. Direktør for prehospitale tenester, Geir Kristoffersen, føretok første offisielle radiooppkall i nødnett frå AMK-Innlandet  
                                          Foto: Grete Simensen

Opprinnelsesmarkering
NRDB informerer om at gammel versjon av opprinnelsesmarkeringstjenesten (ECPS1.0) vil bli lagt ned 31.03.2014. Brukersteder som ikke allerede har gjort det bes om å bytte til ny tjeneste.
(KoKom, 11.11.13)

 
Avtakking av Egil Bovim
Torsdag 16. januar inviterte KoKom til avtakkingsmarkering for Egil Bovim, KoKoms mangeåringe direktør, som gjekk over i pensjonistane sine rekker 1. januar 2014.  
Markeringa vart innleidd med nokre ord og ettertanke kring helikopterulukka der ein av KoKom sine samarbeidspartnarar, Anders R. Nakstad, omkom.
Deretter var det tid for eit 30-tals kollegaer frå fjern og nær, til å takke den nyslåtte pensjonisten av med gåver, blomster og gode ord.

Andreas E. Disen, spesialrådgjevar frå Helse- og omsorgsdepartementet framheva Bovim som kompetent, skrivefør, talefør og sist, men ikkje minst, ein utholdande aktør.
- Du har gjort ein flott jobb over lang tid, sa han og la særleg vekt på Bovims arbeid med eCall.

Til liks med Stener Kvinnsland; administrerande direktør ved Haukeland universitetssjukehus, Steinar Olsen; avdelingsdirektør i Helsedirektoratet og Alf Henrik Andreassen; fagdirektør ved Helse-Bergen understrekte Disen eit tydeleg behov for vidare drift av KoKom som nasjonalt senter.
 
Øvrege talarar og gåveoverrekkarar var
Steinar Hunskår, forskingsleiar ved Nasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin; Arne Aksnes, kommunelege I i Kvam Herad; Arild Østergaard, NAKOS og medlem i KoKom si referansegruppe; Kristine Dreyer, rådgjevar ved KoKom og Terje Olav Øen, seniorrådgjevar, Helsedirektoratet. 


      -Med solid fagleg botn,
       har du spelt ei sentral rolle i arbeidet med 
       ein viktig institusjon for
       veldig mange forhold i medisinsk
       nødmeldeteneste, sa Stener Kvinnsland,
       administrerande direktør ved Haukeland
       Universitetssjukehus, då han overrekte
       blomster frå Helse-Bergen.
       I forgrunnen (med ryggen til) sit

       avdelingsdirektør Steinar
       Olsen
ved avdeling for medisinsk 
       nødmeldetjeneste, Helsedirektoratet og 

       spesialrådgjevar Andreas Edvard Disen frå 
       Helse- og omsorgsdepartementet.                                         Foto: Anne B. Vassbotn

Senioringeniør Nils Petter Bryde og Even Skredsvig, som formelt sett representerte DSB, -underheldt forsamlinga med eit friskt songnummer - med ispett av allsong i det avsluttande referenget.

Som ein avrundande gest overrekte Egil Bovim nøkkelkortet sitt til Alf Henrik Andreassen, fagdirektør,
leiar for Forskings- og utviklingsavdelinga i Helse-Bergen.
(KoKom, 21.01.14)
     Nøkkelkort   
                  Foto: Anne B. Vassbotn
Nasjonal helseberedskapskonferanse 2013
Kommunikasjon var hovudtema for årets helseberedskapskonferanse i Bodø 8.-9. oktober 2013.
Første dag av konferansen var fokuset kva som skjer når kritiske IKT-system fell ut. Også beredskapen i nord var tema, og Lars Vorland, admin. direktør i RHF Helse Nord, orienterte om den pågåande AMK-utgreiinga der eit utval går igjennom den framtide AMK-organiseringa i Helse Nord. Utvalet skal levere innstillinga si 30. november 2013.
Dag to presenterte Stian Sægrov, ambulansesjef i Helse Førde og Jarle Aarvoll, ordførar i Sogndal kommune to scenario frå heimefylket sitt: brannen i Gudvanga-tunnelen og ei bussulukke i Leikanger.
I innlegga sine la dei særskild vekt på viktigheita av velfungerande samhandling på tvers av etatane, og at beredskapsleiing må settast så tidleg som muleg.
Også erfaringar frå In Amenas, Algeri, i januar i år, vart presentert av Even Tvedt, sikkerheitsrådgjevar i Statoil og Jan Erik Nilsen, utsendt lege frå URE-helse.
Frå KoKom, Bente Laksy og Anne Buset Vassbotn.  (KoKom 10.10.13) 

Stian Sægrov, ambulansesjef i Helse-Førde gav publikum ei oversiktleg framlegging av brannen i Gudvanga tunnelen sett frå helsevesenet sin ståstad. Foto: Anne B. Vassbotn

   
Byggeaktivitet for ny
opplæringseining for nødnett

Arbeidet med å bygge ny opplæringseining for nødnett ved KoKom er no godt i gang. Ombygginga er omfattande med flytting av KoKom-simulatoren til nye areal, samt omdisponering av areal for å få optimale forhold til nødnett-opplæring.

Både ventilasjon, lys og inventar blir oppgradert.
I alt skal det bli plass til 10 opplæringspultar og ein instruktør.
Formålet med eininga skal i første omgang vere å gje brukarar frå heile Vestlandet opplæring slik at dei skal kunne ta i bruk det nye digitale nødnettet i tråd med gjeldande plan.
  
Seinare er intensjonen at opplæringseininga skal
kunne nyttast til kurs for AMK- og legevakt-personell
på nasjonal basis.

KoKom har alt no et godt samarbeid med Haraldsplass Diakonale Høgskole, som tilbyd spesialutdanning i legevaktsjukepleie. Opprusting av fasilitetane vil også komme desse studentane til gode.
 
Etter planen skal bygningmessig arbeid stå ferdig 1. oktober 2013, med innfasing av nødnett i tråd med nasjonale utbyggingsplanar.   
(KoKom 05.09.13) 
  Andrius Nagulevicius målar dei nye opplærings-lokala. Foto: KoKom
   
Første dag i ny jobb
Alexandra Reksten Osland tiltredde stillinga som
konstituert leiar ved KoKom, i dag.
Osland vil vere dagleg leiar ved KoKom i seks måndader. Stillinga vil bli lyst ut på vanleg måte.  (KoKom 02.09.13)

Ny leiar ved KoKom
Fagleg leiar ved KoKom, Egil Bovim, har bestemt seg for å trappe ned leiarverksemda si ved senteret. Alexandra Reksten Osland er konstituert som ny dagleg leiar med verkand frå 2. september.
Osland er utdanna sjukepleiar og kjem frå ei stilling som rådgjevar ved seksjon for e-helse ved Haukeland Universitetssjukehus.
Bovim har bygd opp KoKom frå grunnen av, og tiltredde som direktør i 1997. I tida som kjem vil Bovims hovudoppgåve bli å sikre oppretthalding og vidare utvikling av den faglege kvaliteten ved KoKom knytta til pågåande prosjekt nasjonalt og internasjonalt.  
(KoKom 27.08.13). Alexandra R. Osland   Foto: KoKom
Fullteikna Adresseseminar med innlagt besøk på Postens Østlandsterminal
Over 480 000 personar i Norge er framleis ikkje registrerte med vegadresse. Dette vart klart under Adresseseminaret som Kartverket i regi av Norsk adresseforum inviterte til tysdag og onsdag i denne veka. Tema på seminaret var ml.a. Kartverket sin nye prismodell og adressekvalitet.
Iren N. Pallesen presenterte eit samarbeids-prosjekt som er gjennomført i Stavanger der kommunen, Folkeregisteret og Posten gjekk saman om å kvalitetsmerke bustadsadresser.
Foylane frå seminaret vil bli lagt ut på Kartverket
sine sider
. http://www.kartverket.no/Eiendom-og-areal/Matrikkelen/Adresser/Samarbeid-om-adressering/Seminarer/Adresseseminar-10-og-11-september/
Frå KoKom deltok Bente Laksy og Øyvind Hope. 
(KoKom 12.09.13) 
  Postens Østlandsterminal, Lørenskog Foto: KoKom

Innvilging av tilskot for 2013

I midten av juli fekk KoKom innvilga tilskot til følgande nye prosjekt for 2013: I tillegg har KoKom fått overført midlar til ei rekkje prosjekt som vert vidareført. (KoKom 20.08.13)
 


Trude Sørlie gir helsehjelp over telefonen på AMK-sentralen ved St. Olavs Hospital
Foto: Lise Sørensen/NRK

Studiebesøk frå Danmark
28.-29. januar var KoKom vert for ein delegasjon frå nødmeldetenesta i Danmark. Alle dei fem helse-regionane i Danmark stilte. Også representantar frå Helse Bergen v.psykiatriambulansen deltok.

Politi, brann og helse får felles sambandsreglement Politi (14.01.10)

– AMK-hendelsen kunne ha vært unngått Dagnes Medisin
Psykiater og psykoanalytiker Sverre Varvin mener at de som mottar nødanrop, bør ha større forståelse og tåle mer av fornærmelser og skjellsord enn folk flest. (13.01.10)

«Bare send en jævla, forpult ambulanse!» Nettavisen
- Sto trusselen i forhold til reaksjonen, spør Tøyen-granskeren. (12.01.10)


Ny ambulanseklage i Oslo Aftenposten
En som sier han ble skjelt ut da han purret på en ambulanse til en alvorlig syk kvinne, har klaget på AMK-sentralen i Oslo. (12.01.10)
 
AMK-operatører under lupen Aftenposten
Nødsamtaler fra folk med utenlandsk bakgrunn analyseres nå for å finne ut hvorfor slike samtaler kan gå skeis. (11.01.10)

Varsomhet på sin plass leiar i Aftenposten (08.01.10)

Kritisk til akuttrutine ved Vestre Viken HF Drammens Tidende (08.01.10)

AMK og praksis rundt lydlogg Ullevål universitetssykehus (06.01.10)

Klager UNN inn for Helsetilsynet Finnmarken
Kommuneoverlege Tom Viken i Lebesby og Gamvik har sett seg lei på at psykisk syke havner bakerst i ambulansefly-køen. (05.01.10)

Lærer ikke av ulykker
Lesarinnlegg Aftenposten Helsedirektoratet virker ikke interessert i å lære av norgeshistoriens verste ulykker. Katastrofearbeidet er fortsatt dårlig styrt. (04.01.10)

Ambulanseutrykningen på Tøyen Ullevål universitetssykehus (05.01.10)

Her er lydopptakene fra Tøyendramaet  TV2 (04.01.10)
(Lenkja til denne nyheita er tatt vekk, 14.01.01, red.)

Følte seg truet - sendte politiet først Aftenposten (Oppdatert 04.01.10)

Familiemedlemmer blir anmeldt for ambulansebråk VG (03.01.10)

Handbok frå
  KoKom
KoKom handbok  Last ned

Kurs og konferansar

Helseradionettet

Medisinsk nødmeldeteneste

Nettstadar med nyheiter frå nødmeldetenesta

Nyheitsbrev


Driftsdatabasen
Teknisk organisatorisk database  Logg
inn


 
Kontakt oss

 

KoKom: Møllendalsbakken 9, 5009 Bergen  firmapost@kokom.no, telefon: 55 97 72 60 faks: 55 97 72 61