|
Post- og teletilsynet er i gang med eit forprosjekt for å
kartlegge nød og beredskapsetatane sine behov for
driftsmeldingar frå teleoperatørar og kraftleverandørar.
Prosjektet er i tråd med Samferdselsdepartementet sitt
overordna mål for arbeidet med samfunnssikkerheit og
beredskap i samferdselssektoren:
”Å forebygge uønskede hendelser og minske følgene av disse
hvis de skulle oppstå, for å kunne sikre samfunnets behov
for transport og kommunikasjon.”
FEKOMS er ei blanding av metode, felles normer og teknikk.
FEKOMS skal presentere hendingsinformasjon på ein enheitleg
måte til tilbyderane sine eigne kundar, til andre
tilbydarar, og til myndigheiter med behov for å bli varsla
om tenestebortfall.
Både pågåande hendingar og planlagde
hendingar skal presenterast i eit webgrensesnitt. Med
hendingar forstår ein driftsforstyrringar i ekomnett,
uavhengig av årsak.
Ei utvikla handtering av varsling, enten i form av at
planlagde hendingar førehandsvarslast, eller at hendingar
vert varsla umiddelbart, gjev myndigheiter, bedrifter og
privatpersonar moglegheit til å innføre tiltak som reduserer
konsekvensane av desse.
KoKom har lenge vore involvert i EKOM-relaterte
problemstillingar og vil delta i prosjektet for å ivareta
helsetenestena sitt behov i forhold til feil og
driftsforstyrringar som gjengjeve over.
|