|
Helseradionettet består av ulike komponentar
som er knytt saman med samband frå Telenor. Ved
modernisering av telenettet innførte Telenor nye metodar for
ekkokansellering som ikkje var kompatible med
kommunikasjonsprotokollane i helseradionettet.
Unntaksordningar blei etablerte på bakgrunn av at
helseradionettet innan kort tid skulle erstattast med
Nødnett.
Forsinkingar i Nødnett og det faktum at
Telenor har varsla at ein ikkje kan garantere at
unntaksløysingane vil bli videreførte etter 2009, gjorde at
ein måtte utgreie om det var mogleg å gjere endringar i
einingar og protokollar i helseradionettet. |