Prosjekt

Funksjonelle krav til oppdragshandteringssystem

   
 

 

Idè Medisinsk nødmeldeteneste nyttar i dag AMIS som oppdragshandteringssystem. Systemet har utvikla seg over tid og ulike modular og integrasjonar har blitt lagt til.
Kva krav helsetenesta stiller til oppdragshandteringssystem er til ei kvar tid ei aktuell problemstilling, og KoKom ønskjer å systematisere kva funksjonelle behov tenesta har.

Prosjektmål

I dette prosjektet ønskjer vi å systematisere kva funksjonelle behov tenesta har.

Formål Å samle funksjonelle krav i helsetenesta til eit oppdragshandteringssystem og gjere desse tilgjengelege. Etablere ei referanseplattform for produkt som vert utvikla, eller som vert tilbydde til bruk som oppdragshandteringssystem i nødmeldetenesta.

Bakgrunn AMIS kom i stand som eit lokalt initiativ i Vestfod, og fekk etter kvart innpass nasjonalt.
AMIS har vore nytta av medisinske kommunikasjonssentralar som dokumentasjon av hendingar. Løysinga hadde i utgangspunktet nokre enkle brukarkrav og vidare utvikling vart vedtekne i samarbeid med brukargrupper i ulike fora.
Løysinga er integrert mot kartløysinga Transmed frå Locus.

Dagens løysingar har forbetringspotensial på fleire område. Ved å etablere ein brukarkravspesifikasjon, blir det enklare for levarandørar å utvikle produkt i tråd med behova i tenesta, ein fastsett funksjonell spesifikasjon gjer det også mogleg for andre leverandørar å utvikle/tilpasse eigne applikasjonar til bruk i medisinsk nødmeldeteneste.
Det er også vesentleg at desse har eit felles sett av krav til t.d. datafangst og grensesnitt mot andre system.

Oppdragsutførar
Prosjektet vil bli utført ved KoKom i samarbeid med tenesta.

Oppdragsgjevar
Prosjektet blir finansiert via Helsedirektoratet.

Evaluering Prosjektet skal evaluerast som ein del av prosjektavslutninga. Evalueringa er intern.
Spesifikasjonen blir tilgjengeleg som dokument og i databaseformat.

Kontaktperson Tor Helland
 
Ordforklaringar

AMIS: Akutt-Medisinsk Informasjonssystem.
Transmed: TransMed er eit informasjonssystem for oppdragshandtering og flåtestyring som vert nytta i AMK-sentralar.
Locus: Firma som leverer produkt og tenester til transportnæringa, nødetatar, vakt-, verdi- og assistanseselskap. Nettstad: www.locus.no
Handbok frå
  KoKom
KoKom handbok  Kjøp
eller
last ned

Kurs og konferansar

Helseradionettet

Medisinsk nødmeldeteneste

Nettstadar med nyheiter frå nødmeldetenesta

Nytt digitalt nødnett

Nyheitsbrev


Driftsdatabase
Teknisk organisatorisk database  Logg
inn


Helse Norge

Kontakt oss

 

KoKom: Møllendalsbakken 9, 5009 Bergen  firmapost@kokom.no, telefon: 55 97 72 60 faks: 55 97 72 61