Prosjekt

Helseradiodatabasen


Database over einigar og teknisk utstyr i medisinsk nødmeldeteneste

 

 

 

Prosjektmål Føremålet med prosjektet er å vidareutvikle databasen over alle faste einingar i medisinsk nødmeldeteneste. AMK, LV, LVS og deira tekniske ressursar. Databasen blir tilgjengeleg for tenesta gjennom internett, og skal vedlikehaldast fortløpande. Delar av databasen er utvikla gjennom tidlegare prosjekt.

Bakgrunn I samband med nødnettprosjektet har KoKom i fleire år samla data om helseradionettet. Ulike brukargrupper har nytte av opplysningane, og KoKom har difor arbeidd for å få etablert ei web-løysing der autoriserte brukarar har tilgang og kan legge inn informasjon om eiga eining.
Gjennomføring Web-tilgang og database er i dag operativ, og har vore demonstrert for potensielle brukarar med udelt positive tilbakemeldingar. I samband med endringar som vert gjennomført i helseradionettet blir data oppdatert. Dette vil bidra til å betre datakvaliteten ytterlegare.
Resultat av prosjektet Databasen kan bli eit viktig verktøy for einingar som har behov for informasjon om medisinsk nødmeldeteneste. Tenesta kan sjølv nytte verktøyet som eit register for oppfølgjing, vedlikehald og service.
Gjennom ulike prosjekt har KoKom erfart at dette området har forbetringspotensiale.

For nødnett kan ein nytte databasen til å generere oppdatert fakta om lokalsjonane som skal motta utstyr. Databasen vil også vere ei kjelde til informasjon for einingar som har ei nasjonal rolle, som t.d. Helsedirektoratet, HDO, RHF, KoKom og Nasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin (Nklm). Data frå nasjonale kartleggjingar som vert gjort av t.d. KoKom og Nklm  kan bli meir tilgjengeleg og innsamlinga av data vil bli meir kostnadseffektiv. Erfaringar frå tidlegare undersøkingar viser at tenesta får ei rekkje henvendingar frå ulike nivå i forvaltninga om samanfallande data. Denne databasen vil redusere antall henvendingar og bidra til gjenbruk av innsamla data.

Databasen vil bli sett i produksjon som ei web-teneste frå KoKom, der den einskilde brukar får tilgang i tråd med si rolle. Prosjektet vil gjere ei innsamling av data frå det einskilde føretaket og ulike registre, men vidare vedlikehald vil vere basert på oppfølgjing frå tenesta. Systemet loggar når data blir oppdatert av kven. Dette kan nyttast til automatiserte purre-rutinar.
Systemet vil ha ferdig definerte rapportar for særskilde forhold.
Kontaktperson Tor Helland
 
Handbok frå
  KoKom
KoKom handbok  Kjøp
eller
last ned

Kurs og konferansar

Helseradionettet

Medisinsk nødmeldeteneste

Nettstadar med nyheiter frå nødmeldetenesta

Nytt digitalt nødnett

Nyheitsbrev


Driftsdatabase
Teknisk organisatorisk database  Logg
inn


Helse Norge

Kontakt oss

 

KoKom: Møllendalsbakken 9, 5009 Bergen  firmapost@kokom.no, telefon: 55 97 72 60 faks: 55 97 72 61