|
For nokre år sidan vart det lansert ei ny nasjonal løysing
for opprinnelsesmarkering. Gjennom denne omlegginga vart ei
rekke teleoperatørar i stand til å levere oppdatert
informasjon til nødetatane, og Post- og teletilsynet kunne
innstille sin praksis med å gje dispensasjonar frå kravet om
opprinnelsesmarkering.
Gjennom fleire enkelthendingar har KoKom blitt involvert i
”oppklaringar” av situasjonar der informasjonen i
opprinnelsesmarkeringa har vore feil. Dette har i nokre
tilfelle vore abonnenten sin feil, andre ganger
teleoperatøren, men alle har gjeve medisinsk nødmeldeteneste
ei utfordring.
KoKom har på eige initiativ gjennomført to kontrollar basert
på tilbakemeldingar om feil i opprinnelsesmarkeringa. Begge
granskingane avslørte feil hos teleoperatørane. Ein av feila
omfatta meir enn 150 000 brukarar.
I dette prosjektet skal anrop frå teleoperatørar
kartleggast. Teleoperatøren skal få varsling om feila, og
informasjon skal evt. også oversendast til Post- og
teletilsynet.
Hausten 2010 ga KoKom ei høyringsuttaling om endringar i
EKOM-loven og forskriftene. I prosjektet ønskjer vi å
verifisere at dei største teleoperatørane gjer dei
endringane som vert implementerte i lovverket, og at evt.
kommersielle avtalar som i dag er inngått mellom
helseføretak og teleoperatørar om posisjonering vert
terminert. Dette vil spare helsetenesta for store utgifter
kvart år.
|