Prosjekt

 

Kompetanse (kunnskap, haldningar, dugleik og ferdigheiter)
hos LV- og AMK-operatørar

Dei tre rapportane frå dette prosjektet er no frgitt frå oppdragsgjevar til å leggast ut på nett. (okt. 11)

Kompetanseplan for personell som mottar og håndterer medisisnske nødmeldinger

Kompetanse-planen er delt i tre:
Ein hovuddel (blå),
eit AMK-vedlegg (raud) og
eit LV-vedlegg (oransje).

Kompetanseplan PDF (405 kB)

Modul for personell i AMK
PDF (1779 kB)

Modul for personell i LV 
PDF (532 kB)
Komp  Komp_AMK Komp_LV
Bakgrunn

Frå 2000 – 2002 gjennomførte KoKom prosjektet  Forslag til faglig anbefaling for opplæring og oppfølging av LV- og AMK-operatører.
H
ovudmålet med prosjektet var å bidra til kvalitetsauke i tenester frå LV-og AMK-sentralane gjennom betra opplæring og oppfølging av operatørane.

Til tider har hendingar innmelde til AMK og LV-sentralar element i seg som kan vere vanskelege å handtere. Til dømes kan innringar vere prega av den aktuelle situasjonen, og det kan vere ei utfordring for operatøren å styre samtalen.

Med bakgrunn i ulike hendingar og tilsyn av desse, har fokus på opplæring og evaluering av operatørar ved medisinske nødmeldesentralar vore aukande dei siste åra.

Ein del av prosjektet var å revidere KoKom-prosjektet frå 2002. Også ein del nye moment har vorte tilførte, mellom anna har fagplanen blitt utdjupt når det gjeld haldningar, dugleik o. l.
I tillegg er ansvar og oppgåver for ressurskoordinatorar implementert.

Vidare har det vore eit ønskje å kartlegge metodar for å vedlikehalde operatørane med særskild fokus på haldningar som ein av kompetansekomponentane.

V
ed mottak av telefonhenvendingar frå personar i krisesituasjonar var det eit ønskje å vurdere ulike prosedyrar og metodar, utarbeidde både av private og offentlege instansar. Hovedfokus var korleis ein operatør kan styre ein samtale.

Bakgrunnsdokument Forslag til faglig anbefaling for opplæring /oppfølging av LV- og AMK-operatører, KoKom 2002.

AMK- Resertifisering.
KoKom/ Rakos 2006. (Utarbeidd i sambarbeid med Rakos).

I Forskrift om krav til akuttmedisinske tjenester utenfor sykehus frå 2005 vert det stilt krav om at AMK og LV-sentralar skal bemannast med helsepersonell. Utover dette vert det ikkje stilt spesifikke krav til kompetanse hos operatørane.

Prosjektmål

Bidra med kompetanseplan for LV- og AMK-operatørar. Revidering av utarbeidd rammeplan frå 2002 for å fastsette forslag til minstekrav av opplæring for å sikre kompetanse hos AMK og LV-operatørar.

Oppdragsgjevar Helsedirektoratet.
Formelt samarbeid om prosjektutføringa vart inngått med kvar av dei regionale helseføretaka og med Nasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin.
Føremål Å sikre at den einskilde operatør har kompetanse som gjeld kunnskap, haldningar og fokus på at operatøren er eigna for optimal utføring av arbeidsoppgåvene.
Tidsrom Frå mars 2010 til juni 2011.
Kontaktpersonar Kristine Dreyer og Åge Jensen
Handbok frå
  KoKom
KoKom handbok  Kjøp
eller
last ned

Kurs og konferansar

Helseradionettet

Medisinsk nødmeldeteneste

Nettstadar med nyheiter frå nødmeldetenesta

Nytt digitalt nødnett

Nyheitsbrev


Driftsdatabase
Teknisk organisatorisk database  Logg
inn


Helse Norge

Kontakt oss

 

KoKom: Møllendalsbakken 9, 5009 Bergen  firmapost@kokom.no, telefon: 55 97 72 60 faks: 55 97 72 61