Prosjekt

Lokasjonsbaserte tenester i Nødnett

   
 


 

Prosjektmål

Prosjektet demonstrer lokasjonsbaserte tenester i Tetra-nett.
Tenesta kan t.d. gje trafikk-informasjon for område
som radioterminalen er lokalisert i, som ei melding til radioterminalen utan brukarmedverknad.

Føremål Gjennom prosjektet vil radiobrukarar få tilgang til applikasjonar som er relevante for brukaren.
 
Bakgrunn Innhaldstenester er eit av områda som er i sterk vekst innanfor mobilteknologi. Tenesta som er tenkt som demonstrator i dette prosjektet, er valt fordi den skal baserast på allereie eksisterande data som er nyttige for nødmeldetenesta.

Vegvesenet gir ut informasjon om trafikale hinder i område mobilterminalar befinn seg i. Dette er i dag tilgjengeleg som ei teneste til t.d. android-baserte mobiltelefonar.

Ufordringa i dette prosjektet er å kunne knyte den geografiske gyldigheita for meldingar til bastestasjonar som gir dekning i eit område, og gjennom nettverkets register over kva terminalar som befinn seg i området, sende melding om trafikale hinder kun til relevante terminalar.

Det er også ei målsetting at applikasjonen skal fungere som ei SDS-push melding som ikkje krev interaksjon med brukar, anna enn å lese meldinga. 
 
Oppdragsgjevar KoKom
Oppdragsutførarar
Prosjektet vert utført i samarbeid med Motorola og evt. som ei oppgåve ved ein høgskule.
Prosjektleiinga er ved KoKom.
Kontaktperson Tor Helland
  Ordforklaringar

Android-basert mobiltelefon: Ope mobiloperativsystem, noko som betyr at kven som helst kan utvikle og distribuere programvare til den.
 
SDS-push: "Short data service". Tekstmelding sendt ut via TETRA-nettverk
Handbok frå
  KoKom
KoKom handbok  Kjøp
eller
last ned

Kurs og konferansar

Helseradionettet

Medisinsk nødmeldeteneste

Nettstadar med nyheiter frå nødmeldetenesta

Nytt digitalt nødnett

Nyheitsbrev


Driftsdatabase
Teknisk organisatorisk database  Logg
inn


Helse Norge

Kontakt oss

 

KoKom: Møllendalsbakken 9, 5009 Bergen  firmapost@kokom.no, telefon: 55 97 72 60 faks: 55 97 72 61