| |
|
|
Prosjekt |
 |
SMS til nødmeldetenesta
- vidareføring av prosjektet:
Nødnummer -
tilgang for funksjonshemma (2008-2009)
|

|
Bakgrunn
Tilgang til nødmeldesentralar for personar med
funksjonshemming/ spesielle behov har fått betydelig
merksemd både nasjonalt og
internasjonalt dei siste åra. Relevante EU-direktiv
stiller krav om slik tilgang, og norsk lovgjeving går i
samme retning.
Fleire land, inklusive Sverige, Danmark og Storbritannia
har implementert ulike former for SMS-tilgang til
nødmeldesentralar.
Tekniske utfordringar i form av ruting og
opprinnelsesmarkering er no løyst til et slikt nivå at
det synes mogleg å innføre ei teneste nasjonalt, og
dette prosjektet skal legge til rette implementering av
ei bærekraftig ordning. |
|
Mandat
Prosjektet skal legge til rette for at
AMK-sentralane i Norge skal vere i stand til å motta og
handtere nødmeldingar og anna relevant informasjon via
SMS.Framtidige løysingar
basert på anna teknologi (MMS, ”Total Conversation”)
skal vurderast og så langt mogleg skal det utarbeidast
ei tilråding av korleis desse kan implementerast.
|
|
Nødnummer -
tilgang for funksjonshemma
Samandrag |
|
- Island har innført ei teneste for bruk
av SMS til det europeiske nødnummeret 1-1-2.
- For ei teneste som er open for alle,
utgjer talet på henvendingar som kjem via
SMS 0,5 % av alle henvendingar til nødmeldesentralen.
- Andelen SMS som vert vurderte som relatert
til reelle nødsituasjonar utgjer 10 %, i
motsetning til at den er 74 % for
henvendingar totalt.
- Situasjonen på Island, der ein kun har
ein nødmeldesentral, gjorde at det ikkje var
nødvendig å etablere system for ruting av
samtalar til ulike sentraler med same
telefonnummer. Dette vart vurdert som ein
vesentlig faktor i innføringa av SMS til
1-1-2.
- Fleirtalet av brukane av tenesta er
individ med spesielle behov i forhold til
kommunikasjon.
- Effektiviteten av tenesta er
avhengig av
at SMS er integrert i
hendings- handteringssystemet i sentralen.
|
|
Bakgrunn
Organisasjonar for funksjonshemma i Norge har uttrykt ønskje om at nødnummera skal gjerast tilgjengelige for
funksjonshemma på samme måte som dei er for
funksjonsfriske.
 |
|
 |
|
| Mandat |
Frå 2009 vart det i samråd med oppdragsgjevar klårlagt
at prosjektet skulle spissast mot
særskilde
behov for døve/ hørselshemma.
|
|
Oppdragsgjevar |
Helsedirektoratet |
| Prosjektmål |
- Sikre lik tilgang til nødmeldetenesta for ein størst
mogleg del av befolkninga.
|
| Delrapport (Deltasenteret) |
Nødnummer - tilgang for funksjonshemmede, sept 08
Helsedirektoratet Deltasenteret
Deltasenteret presenterer med denne
rapporten ei kortfatta oversikt over ulike
funksjonsnedsetjingar og deira moglegheiter og hefte
andsynes bruk av nødnumre.
Nødnummer – tilgang for funksjonshemmede, er ein del av
eit
større prosjektet - leia av KoKom.
|
| Kontaktperson |
Egil Bovim |
|







Kontakt
oss
|