Prosjekt

Posisjonering av IP baserte nødanrop frå hussentralnett

 

   
   


 

 

 Bakgrunn


Alle som driv eigne bedriftsinterne nett med tilknyting til offentlige nett er pliktige til å gje informasjon om opphavet til anrop. Stadig fleire føretak har interne IP-nett som vert nytta til telefoni og er på denne måten berørt. IP-nett har ikkje samme rigide struktur som kabla telefoninett og det er derfor ei utfordring å posisjonere anrop frå IP telefonar.

KoKom vil implementere SIP-basert aksess i KoKom sin simulator for test og demo-føremål.

 

Prosjektmål

Prosjektet har til hensikt å lage ein fullskala demonstrator av ei løysing på problemet med nødanrop frå eit større IP-basert hussentralnett.

Storleik er eit viktig parameter då større og større bedriftsinterne nett, med svært mange geografiske lokasjonar er aktuelle innringarar til nødsentralane. Helsesektoren er ikkje noko unntak i så måte og av dei føretaka som er førespurt har ingen ei løysning som oppfyller lovpålagde krav på dette punkt.
Eit pilotprosjekt vil derfor vere til direkte nytte for helsetenesta på teknisk nivå, på samme tid som det vil gje dei som ringer nødnummer en riktig posisjon – uansett kva platform dei nyttar.

Prosjektet vil også sikre at løysinga er i tråd med IETF, ECRIT arbeidet og dei forslaga som er rundt posisjonering av IP telefoni i NG911- og NG112-prosjekta.

Prosjektnummer 250102
Prosjektleiar Tor Helland
Handbok frå
  KoKom
KoKom handbok  Kjøp
eller
last ned

Kurs og konferansar

Helseradionettet

Medisinsk nødmeldeteneste

Nettstadar med nyheiter frå nødmeldetenesta

Nyheitsbrev


Driftsdatabase
Teknisk organisatorisk database  Logg
inn


Kontakt oss

 
       

KoKom: Møllendalsbakken 9, 5009 Bergen  firmapost@kokom.no, telefon: 55 97 72 60 faks: 55 97 72 61