Samandrag
Telefonråd er eit verktøy som samanfattar informasjon
frå ”Norsk indeks for medisinsk nødhjelp” og
”Medarbeiderråd for legevakter og allmennlegekontorer”.
Verktøyet dekkjer eit breidt spekter problemstillingar
som medarbeidarar på legevakter og allmennlegekontor
møter. Intensjonen med ”Telefonråd” er å gje eit
hjelpemiddel der ein raskt kan finne fram og følgje opp
aktuelle problemstillingar.For å
evaluere eventuelle naudsynte krav til endringar og
utbetringar, vart det gjennomført ein pilot ved dei
kommunale legevaktsentralane i Kvam og Askøy.
Helsepersonellet som gjennomførte piloten vurderte ”Telefonråd”
til å vere eit eigna elektronisk verktøy.
|
|