|
Rapporten skildrar område der mobile datatenester er
blitt tekne i bruk, eller kan komme til å bli brukt innanfor
medisinsk nødmeldeteneste dei neste ti til femten åra.
Rapporten har hovudfokus på bruk av mobile datatenester, men
kjem også inn på ein del organisatoriske forutsetnader for
at løysningar skal kunne implementerast og gje ønskt
verknad.
Medisinsk nødmeldeteneste og akuttberedskap har
historisk vore aktive i å ta mobile datatenester i bruk, og
verksemda har vore opptatt av å trekke ut dei nytte-effektar
som nye mobile løysningar har gitt.
Rapporten peikar også på behovet for elektroniske
kommunikasjonsløysningar mellom kommunehelsetenesta og
spesialisthelsetenesta i tråd med samhandlingsreformen.
I nokre tilfelle kan det vere trong for å hente informasjon
frå databasar, medan det i andre tilfelle er ei sjølvfølgje
at det er lagt til rette for tovegs kommunikasjon mellom
ulike einingar (ambulanse, sjukehus, legevakt).
Ved utvikling av kommunikasjonsteknologi i framtida, må ein
også ta i mente at medisinsk nødmeldeteneste ofte arbeider
utan fysisk kontakt med pasienten. Det gjennomgåande målet
er å komme fram til teknologiske løysningar som dekker
behovet for auka og betre informasjonsutveksling.
|