Kva gjer vi?
KVA ER KOKOM?
KoKom er eit akronym for "Nasjonalt kompetansesenter for
helsetjenestens kommunikasjonsberedskap". Senterets hovudoppgåve
er å monitorere og vidareutvikle medisinsk nødmeldeteneste i
Norge. FORMÅL
KoKom skal bidra til at medisinsk nødmeldeteneste fungerer
optimalt som ein del av helsetenesta. Medisinsk nødmeldeteneste er
eit landsdekkande system som skal handtere melding, varsling og
vidare oppfølging i akuttmedisinske situasjonar og elles når
befolkninga har behov for kontakt med helsetenesta i vakt.
HOVUDOPPGÅVER
- Vere pådrivar for helsefagleg, administrativ og teknisk utvikling
av medisinsk nødmeldeteneste og av
kommunikasjonsberedskapen i helsetenesta.
- Sørge for utvikling og vedlikehald av nasjonale krav til medisinsk
nødmeldeteneste i samråd med statlege myndigheiter.
- Vere katalysator for prosjekt som gjeld utvikling av medisinsk nødmeldeteneste
gjennom eigen innsats, eller gjennom å framskaffe kompetanse frå anna
hald.
- Medverke til rett bruk av medisinsk nødmeldeteneste.
BAKGRUNN
KoKom blei etablert av det dåverande Sosial- og helsedepartementet i 1997, som eit
resultat av det arbeidet som vart utført for å oppnå eit nasjonalt
einheitleg system for medisinsk nødmeldeteneste. Senteret er også eit kompetansesenter for kommunikasjon i den akuttmedisinske
kjeda.
DAGLEG DRIFT
Sentrale arbeidsoppgåver knytt til medisinsk nødmeldeteneste:
- Kompetanseoppbygging
- Rådgjeving
- Aktiv deltaking i utvikling av systemkrav og einheitlege prosedyrar
Ansvar for medisinsk nødmeldeteneste er lagt til kommunar og helseføretak, noko som fører til at den medisinske nødmeldetenesta blir
utvikla gjennom ein betydeleg lokal innsats. KoKom si oppgåve i dette er å
bidra til ei aktiv og føremålstenleg erfaringsutveksling mellom dei ulike
aktørane.
Til ei viss grad må KoKom også sjølv drive utgreiingsarbeid.
KoKom vert finansiert over statsbudsjettet.
SAMARBEID
Sidan vidareutviklinga av medisinsk nødmeldeteneste er nært bunden
saman med utviklinga innan så vel informasjonsteknologi som telemedisin,
samarbeidar KoKom med Kompetansesenter for IT i helsevesenet (KITH) og
Nasjonalt Senter for Telemedisin (NST)Når saksområdet tilseier det,
samarbeidar KoKom også med redningstenesta og nødetatane for brann og politi.
KVA KAN KOKOM BIDRA MED?
- Råd og hjelp om medisinsk nødmeldeteneste
- Hjelpe til med å hente inn informasjon, eller formidle vidare
kontakt til rette vedkommande
- Kunnskap om etablering og drift av AMK
- Også spørsmål knytt til drift av legevaktsentralane høyrer med
under arbeidsfeltet til KoKom
- Bistand til erfaringsutveksling mellom
aktørane i tenesta
Også koordinering mot dei andre nødetatane, utvikling av
opplæringsprogram, systembeskrivingar og prosedyrebøker er
oppgåver forankra i KoKom.
I mandatet til KoKom inngår også å drive rådgjeving ovanfor
sentrale helsemyndigheiter og innan helsetenesta om utvikling og
vedlikehald av den nasjonale kommunikasjonsberedskapen i
helsetenesta.
Kjelde: "Avtale mellom Hordaland fylkeskommune og
Sosial- og helsedepartementet om opprettelse av et nasjonalt
kompetansesenter for helsetjenestens kommunikasjonsberedskap ved
Haukeland Sykehus". (02.08.1996).
DØME PÅ PROSJEKT VED KOKOM:
- Opplæringsprosjekt for personell innan medisinsk
nødmeldeteneste.
- Standardisering av digitale kartsymbol.
- Gevinstrealisering i nødnett - helse.
- Bruk av IKT i den akuttmedisinske kjeden.
- Sjå også Prosjekt (lenkje i venstremarg).
|